«Solsbury Hill» er ein song av den engelske musikaren Peter Gabriel, om ei spirituell oppleving på toppen av Solsbury Hill i Somerset i England. Gabriel skreiv songen etter at han slutta i det progressive rockebandet Genesis, der han hadde vore frontmann og songar sidan starten av bandet. Trass i det uttrykksfulle og reine synet på toppen av Solsbury Hill, var det nokre ambivalente kjensler med å vere fri eller å gå solo: «And liberty she pirouette when I think that I am free.» Det var debutsingelen hans. Singelen nådde Topp 20 i Storbritannia og Topp 70 på Billboard Hot 100 i USA.

Songen har vorte nytta i mange filmar, som til dømes Vanilla Sky frå 2001, og In Good Company frå 2004. Songen er òg spelt inn av mange andre artistar, som moe., Dave Matthews, Erasure, Sarah McLachlan, Saga og Justin Hines.

Songen går i ein 7/4-takt gjennom det meste av songen. Dei to siste taktane i kvart refreng er i 4/4.

Innhald 7" UK single (1977) «Solsbury Hill» – (3:24) «Moribund The Burgermeister» – (4:17)

7" «Old Gold» single (1982) «Solsbury Hill» - (3:26) «Games Without Frontiers» - (3:50)

UK maxi-single (1983, 1988) «Solsbury Hill» – (3:24) «Moribund The Burgermeister» – (4:17) «Solsbury Hill (Full Length Live Version)» – (4:45)

7" European single (1990 re-issue) «Solsbury Hill» – (4:24) «Shaking The Tree» – (5:06)

12" UK single (1990 re-issue) «Solsbury Hill» – (4:22) «Shaking The Tree» – (5:06) «Games Without Frontiers (Live)» - (6:06)

Konsertversjon 7" US single (1983) «Solsbury Hill (Live)» - (3:58) «I Go Swimming (Live)» - (4:29)

7" nederlandsk singel (1983) «Solsbury Hill (Live)» - (4:41) «Kiss Of Life (Live)» - (5:01)

7" US single (1983) «Solsbury Hill (Live)» - (3:58) «Shock The Monkey» - (3:58)

Erasure-versjonen

«Solsbury Hill» vart spelt inn av den britiske synthpopduoen Erasure i 2003 for albumet deira Other People's Songs og han vart gjeven ut som singel i Storbritannia den 6. januar 2003 og i USA seinare same månad. Han nådde 10. plass på lista i Storbritannia. Songen vart gjort om til ein elektronisk dance-song, som var typisk for stilen til Erasure. Den einaste større endringa i strukturen til songen var at han vart omgjort frå 7/4 til 4/4-takt i refrenget.

Andre versjonar

Songen er òg spelt inn av Ruby Isle, Dave Matthews & Friends, Kyte, Scala & Kolacny Brothers, Mercury Rev og Sarah McLachlan.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Solsbury Hill (song)» frå , den 23. oktober 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1977 Kategori:Singlar frå 1977 Kategori:Singlar frå 2003 Kategori:Peter Gabriel-songar Kategori:Erasure-songar Kategori:Songar skrivne av Peter Gabriel Kategori:Debutsinglar frå 1977 Kategori:Songar produserte av Bob Ezrin