Siple Island er ei 110 km lang snødekt øy island som ligg aust for Wrigley Gulf langs Getz isbrem utanfor Bakutis Coast i Marie Byrd Land i Antarktis.
Øya har eit areal på 6 390 km² og er dominert av den sovande skjoldvulkanen Mount Siple, som har ei høgd på 3110 meter oevr havet. Dette er dermed den 17. høgaste øya i verda.
Øya og fjellet vart namngjevne av USA Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) i 1967 til ære for den antarktiske utforskaren Paul A. Siple (1909–1968), som var med på admiral Byrd sine ekspedisjonar.
Sjå òg Composite Antarctic Gazetteer Antarktiske og subantarktiske øyar Antarktiske øyar sør for 60 °S Vulkanar i Antarktis Scientific Committee on Antarctic Research kravområde i Antarktis
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Siple Island» frå , den 24. oktober 2012. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Øyar i Marie Byrd Land