Jens Juel, Jens Jørgensen Juel () var ein dansk kunstmålar. Juel er eit døme på noko av det aller beste i dansk portrettmåleri i Danmark på 1700-talet.Jens Juel frå De Danske Kongers Kronologiske samling Kunsten hans la grunnlaget for den følgjande perioden i nordisk biletkunst på 1800-talet med mellom anna C.W. Eckersberg og I.C. Dahl.

Liv og virke Han vart fødd utanom ekteskap i Balslev på Fyn. Mora Vilhelmine Elisabeth Juel arbeidde som husjomfru på setegarden Wedellsborg. Faren var sannsynlegvis kammerherre Jens Juel.Jens Juel frå Dansk biografisk leksikon Da Jens var eit år gamal gifte mora seg med Jørgen Jørgensen som var klokkar og skolehaldar i Gamborg, og han veks opp her. mini|venstre|Det Rybergske familiebilledeDet Rybergske familiebillede frå Statens Museum for Kunstolje på lerret253 × 336,5 cmStatens Museum for Kunst mini|venstre|Den norske godseigaren og statsmannen Peder Anker med dottera Karen og kona Anna Elisabeth i 1792.<Olje på lerret, 152 x 191 cm Måleriet tilhøyrer Bogstad gård i Oslo/Norsk Folkemuseum.Portrettgruppe frå DigitaltMuseum mini|Dansebakken ved Sorgenfri frå rundt 1800.Dansebakken ved Sorgenfri frå Statens Museum for Kunstolje på lerret420 cm x 610 cmStatens Museum for Kunst Han synte tidleg lyst og interesse for målarkunsten og etter konfirmasjonen blei han satt i lære hos hos målaren Johann Michael Gehrman i Hamburg ca. 1760. Her blei han fram til rundt 1764-65. Allereie i læretida som målarsvenn skapte han seg eit namn som kunstmålar med portretter, små sjangerbilete, landskap med meir. Litt etter at han var fylt 20 år kom han til København og studerte ved Det Kongelige Danske Kunstakademi. I 1767 konkurrerte han om Akademiets lille gullmedalje og vann og i 1771 vann han Akademiets store gullmedalje.

Det siste gjorde at han fekk pengar til studiereise og året etter reiste han frå landet og blei borte i 8 år.

Juel slo seg ned i København i 1780 og skapte seg ein eineståande posisjon som portrettmåler for kongehuset, adelen og det rike borgarskapet.

Han blei vald til leiar av Kunstakademiet i 1782, vart professor same sted i 1786 og var direktør 1795–1797 og 1799–1801.

Juel var gift med Rosine Dørschel. To av deira døtre gifta seg etter kvarandre med C.W. Eckersberg.

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Danske målarar Kategori:Professorar ved Det Kongelige Danske Kunstakademi Kategori:Medlemmar av Det Kongelige Akademi for de Skønne Kunster Kategori:Folk frå Middelfart