Jerome David «Jerry» Marotta () er ein trommeslagar frå USA. Han er bror til Rick Marotta, som òg er trommeslagar og låtskrivar.

Marotta var medlem av banda Arthur, Hurley & Gottlieb (1973–75) Orleans (1975–82), bandet til Peter Gabriel(1977–86), Hall & Oates (1979–81), Indigo Girls (1991–99), Stackridge (2011), Sevendys (2010 til i dag) og The Tony Levin Band (1995 til i dag).NNDB Website Retrieved mars 10, 2007.

Marotta har òg spelt trommer på songen «Whole Lotta Trouble» av Stevie Nicks og Michael Campbell i 1989 på albumet The Other Side of the Mirror. Han har òg spelt med Ani DeFranco, Sarah McLachlan, Marshall Crenshaw, The Dream Academy, Suzanne Vega, Carlene Carter, Tears for Fears, Elvis Costello, Cher, Carly Simon, Lawrence Gowan, Ron Sexsmith og mange andre.

I tillegg har han arbeidd som songar, låtskrivar og plateprodusent. I 1996 produserte han Ellis Paul sitt A Carnival of Voices.FAME (Folk & Music Exchange) Website Retrieved mars 10, 2007.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Jerry Marotta» frå , den 25. oktober 2012. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Jerry Marotta

Kategori:USA-amerikanske trommeslagarar Kategori:USA-amerikanske plateprodusentar Kategori:Folk frå Cleveland