Lorten eller Cleft Island er ei lita øy nord for Bølingen, som ligg 2,5 nautiske mil søraust for Lichen Island sør i Prydzbukta. Øya er delt av ei djup kløft som er kring 6 meter brei. Ho vart kartlagd frå flyfoto teken av Lars Christensen-ekspedisjonen, 1936–37, og namngjeven av norske kartografar. Øya vart vitja av eit lag frå «Nella Dan» under Australian National Antarctic Research Expeditions i februar 1966 og gjeve eit nytt namn som synte til den djupe kløfta (cleft på engelsk).
Sjå òg Antarktiske og subantarktiske øyar
Kjelder
Kategori:Øyar i Princess Elizabeth Land