Bakewelløya er ei lita isdekt øy nær Prinsesse Astrid Kyst og aust for Lyddan Island i sørlege delen av Riiser-Larsenisen. Øya vart oppdaga 5. november 1967, under ein flytur over kysten av U.S. Navy skvadron VXE-6 i eit LC-130-fartøy, og vart kartlagd av US Geological Survey frå flyfoto tekne på den tida. Ho vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names etter William Lincoln Bakewell, den einaste amerikanaren på Ernest Shackleton sin ekspedisjon 1914–16 på «Endurance» i området. Bakewell representerte seg visstnok som kanadiar for å få lov til å vere med på ekspedisjonen. Det norske namnet på øya vart godkjent i 2004.
Sjå òg Antarktiske og subantarktiske øyar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Bakewell Island» frå , den 27. oktober 2012. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Øyar i Dronning Maud Land Kategori:Prinsesse Astrid Kyst Kategori:Stader i Antarktis kalla opp etter USA-amerikanarar