Îlots des Apôtres eller Îles des Apôtres (Apostelholmane) er ei gruppe små, aude og klipperike øyar nordvest i Crozetøyane i det sørlege Indiahavet, 10 km nord for Île aux Cochons. Totalt dekkjer dei kring 2 km².

Skildring Det er to store øyar (Île Grande - Storøya og Île Petite - Vesleøya), som i lag utgjer 90 % av arealet. Den høgaste toppen er Mont Pierre (289 moh) på Île Grande. I tillegg er det kring 20 skjer med høgder mellom 15 og 122 meter over havet. Øyane er særs bratte. Trass i at dei er små har Île Grande ei høgd på 289 moh og Île Petite på 246 moh.

Historie Natt til 2. juli 1875 forliste «Strathmore», eit tremasta skip som segla mellom Storbritannia og New Zealand i nærleiken av øyane då ho gjekk på eit rev. Av 89 passasjerar ombord, overlevde 44 menneske på Île Grande fram til 21. januar 1876, då dei vart redda av eit anna skip.Ian Church, William Lesquin, John Nunn, Le naufrage du Strathmore ein 1875 in Trois naufrages pour trois îles, Terres australes françaises au XIXème siècle, Éditions de La Dyle (1998), ISBN 90-801124-9-6

Viktig fugleområde Holmane har status som eit viktig fugleområde (IBA) av BirdLife International som ein hekkestad for sjøfuglar, og minst 25 fugleartar hekkar her. Fuglar på øyane er mellom andre vandrealbatross, gråhovudalbatross, gråalbatross, sotalbatross, svartbrynalbatross og indisk gulnebbalbatross, storvingepetrell, silkepetrell, kvithakepetrell og blåpetrell, marionkvalfugl, nordkjempepetrell, smalnebbdukkpetrell, blåaugd skrav og kerguelenterne.BirdLife International. (2012). Important Bird Areas factsheet: Îles des Apôtres. Downloaded from http://www.birdlife.org on 2012-01-09.

Holmane # Øy eller klippe (norsk) Areal(ha) 1 Rocher Nord (Nordskjeret) 2 L’Enclume (Ambolten) 3 Grande Île (Storøya) 4 Le Clown (Klovnen) 5 La Sentinelle perdue (Det tapte kjennemerke) 6 Les Jumeaux (Tvillingane) 7 Rocher Fendu (Sprekkskjeret) 8 Petite Île (Vesleøya) 9 Les Sentinelles du Diable (Djevelens kjennemerke) 10 La Grande Aiguille (Stornåla) 11 La Petite Aiguille (Veslenåla) 12 Le Hangar (Hangaren) 13 Le Donjon (Borgtårnet) 14 (klippe utan namn) < 15 Rocher Sud (Sørskjeret) 16 Le Torpilleur (Jageren) 17 Le Caillou (Steinen) 18 L'Obélisque (Obelisken) 19 Rocher Percé (Keisamsskjeret) Îlots des Apôtres (Apostelholmane)

Sjå òg Administrativ inndeling av Frankrike Franske oversjøiske departement og territorium Antarktiske og subantarktiske øyar

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Îlots des Apôtres» frå , den 6. november 2012. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Map

Kategori:Crozetøyane