Stein Erik Lunde () er ein norsk forfattar og lærar.
Stein Erik Lunde voks opp i Bærum, men har sidan byrjinga av åttitalet budd på Nøtterøy i Vestfold. Han er cand.mag. frå Universitetet i Oslo og har arbeidd som lærar sidan 1980, for tida i halv stilling ved Horten videregående skole.
Han har gjeve ut sytten bøker, dei fleste for born og unge. Han har og skrive dramatikk og anna scenekunst, songtekster, noveller, essays og dikt. Han debuterte med kriminalromanen Ingenting ruster som han skreiv saman med Harald Skjønsberg i 1982.http://www.nrk.no/nyheter/kultur/forfattere/2381030.html
Bibliografi Ingenting ruster. Kriminalroman (saman med Harald Skjønsberg) 1982 Når knopper brister. Kriminalroman (saman med Harald Skjønsberg) 1985 Gjennom ild og vann. Roman 1997 Eggg. Forteljing 1998 Sanger fra rom 22. Roman 2002 Biografien om Henrik Ibsen. Alt eller intet. 2003 Faren min. Forteljing 2003 Biografien om Edvard Munch. Livets dans. 2004 Ulv. Forteljing 2004 En far. Roman 2006 Kyss & kjærlighet. Songar 2006 Et dårlig år. Roman 2007 Eg kan ikkje sove no. Biletbok 2008 Biografien om Amalie Skram. Med vilje til å vite. 2009 Bob Dylan. Essay 2010 Nissens natt. Sonettkrans 2010 Uka etter. Forteljing 2012
Dramatikk Perlen. Barneteater 1992 Himmel og hav. 2000
Plater (tekstar til songane) Ødeland Kvartal: Ødeland kvartal. 4 oversatte sanger av Bob Dylan. 1996 Herrene i haven: Det hender så mangt en sommernatt. 1999 Herrene i haven: Drar til sjøs. 2008
Litterære prisar 1998: Brageprisen for Eggg 1999: Kultur- og kyrkjeepartementets pris for barne- og ungdomslitteratur for Eggg 2004: Vestfolds litteraturpris for heile forfattarskapet 2009: Kultur- og kyrkjedepartementets pris for barne- og ungdomslitteratur for Eg kan ikkje sove no
Referansar
Bakgrunnsstoff Bøker av Stein Erik Lunde digitaliserte hjå Nasjonalbiblioteket
Stein Erik Lunde i NRK Forfatter
Kategori:Norske romanforfattarar Kategori:Norske barnebokforfattarar Kategori:Vinnarar av Brageprisen Kategori:Vinnarar av kulturdepartementet sine barnebokprisar