Bernt Anker ()Bernt Anker frå Norsk biografisk leksikon var ein norsk forretningsmann, skipsreiar, skogeigar, trelasteksportør, godseigar, verkseigar, kammerherre og konferensråd. Han var Noregs rikaste mann i si samtid og eigde mellom anna Hakadal Verk og Moss Jernverk, Paléet og Frogner Hovedgård.

Anker var son av Christian Ancher og bror av Peder Anker. Han var gift med Mathia Leuch fødd Collett, enkje etter Morten Leuch. Dei fekk inga born.

Attåt forretningsdrifta var Anker òg opptatt av vitskap og teater. Han blei tatt opp som medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondheim i 1770 og av den engelske Royal Society i London i 1784.Nils Voje Johansen: I spennet mellom ballongferd og universitetskamp - litt om Bernt Anker som naturviter. I Byminner nr.4-2008, s.5-6 Han var òg medlem av Kungliga Vetenskapsakademien.

Anker blei adla i 1778 og fekk seinare Dannebrogordenen.

Han testamenterte Paléet til det offentlege og bygningane blei seinare nytta som kongebustad.

Referansar

Kategori:Norske skipsreiarar Kategori:Norske godseigarar Kategori:Medlemmar av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab Kategori:Medlemmar av Det kongelege svenske vitskapsakademiet Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Dannebrogordenen Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Nordmenn frå 1700-talet