Albatrossøya eller Albatross Island er ei øy 3 km søraust for Cape Buller, som ligg i Bay of Isles ved Sør-Georgia. Ho vart kartlagd i 1912–13 av Robert Cushman Murphy, ein amerikanske naturalist ombord på briggen «Daisy», som gav øya namnet sitt fordi han observerte albatrossar der.

Øya er utan rotter og det er ein hekkande bestand av sørgeorgisk pipelerke her, i tillegg til vandrealbatrossar og kjempestormfuglar.

Albatrossøya har fått status som særskild verneområde og har vore lukka for vitjande sidan 2004 for å verne ho frå nedtråkking.

Sjå òg Antarktiske og subantarktiske øyar

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Albatross Island (South Georgia)» frå , den 10. november 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Øyar i Sør-Georgia Kategori:Stadnamn knytte til fuglar