Vestmarisk eller fjellmarisk er eit marisk språk i den uralske språkfamilien. Den næraste slektningen er austmarisk. Vestmarisk har vore meir i kontakt med russisk og mindre med tatarisk enn austmarisk, dette er det til ein viss grad mogleg å sjå i ordforrådet.

Dei fleste vestmariane bur i Mari El.

Skriftspråk

Vestmarisk blir skrive med det kyrilliske alfabetet, med desse tilleggsbokstavane: ҥ [ŋ], ӧ [ø], ӱ [ʉ], ӓ, [æ], ӹ [ə]:

А а Ä ä Б б В в Г г Д д Е е Ё ё Ж ж З з И и Й й К к Л л М м Н н О о Ö ö П п Р р С с Т т У у Ӱ ӱ Ф ф Х х Ц ц Ч ч Ш ш Щ щ Ъ ъ Ы ы Ӹ ӹ Ь ь Э э Ю ю Я я

Fotnotar

Bibliografi (utval)

Ramstedt, Gustaf John 1902. Bergtscheremissische Sprachstudien. (Suomalais-Ugrilaisen Seuran toimituksia, 17.) Helsingfors: Dr. der finnischen Litteraturges. xii+219pp. (Dette er ein klassikar) Alhoniemi, Alho 1985. Marin kielioppi. (Apuneuvoja suomalais-ugrilaisten kielten opintoja varten, 10.) Helsinki: Suomalais-ugrilainen seura. 172 s. (Dette er standardreferansen for dei to mariske språka) Alhoniemi, Alho 1993. Grammatik des Tscheremissischen (Mari). Hamburg: Buske. 253pp. (Alhoniemi 1985 på tysk) Kovedjaeva, E.I. 1966. Gornomarijskij jazyk. In V.I. Lytkin and K.E. Majtinskaja (eds.), Jazyki narodov SSSR, vol. 3, Finno-ugorskie i samodijskie jazyki, 241-54. Moscow and Leningrad: Nauka. (Kort framstilling i eit oversiktsverk over språka i Sovjetunionen)

Kategori:Mariske språk

Kategori:Einskildspråk