BrewDog (òg skrive Brewdog og BrewDog Brewery) er eit skotsk bryggjeri som ligg i Fraserburgh i Aberdeenshire.

Historie BrewDog vart grunnlagt av venene James Watt og Martin Dickie i 2006. Dei bryggja fyrste ølet sitt i 2007. Dei hevdar sjølv dei er Skottlands største uavhengige bryggjeri og bryggjar om lag 120 000 flasker øl som blir selde over heile verda kvar månad. Ifølgje bryggeriet sjølv var det hunden Bracken som eigde bryggeriet fram til han døydde. Etter Bracken tok kvalpen Simcoe over som eigar.

Øl mini|The End of History-flaske. BrewDog er kjende for å ha bryggja sterkt øl. «Tactical Nuclear Penguin» var i 2009 verdas sterkaste øl, med 32 % alkoholinnhald.'World's strongest' beer with 32% strength launched - BBC. Lese 11. juli 2013 «Sink The Bismarck» var i februar 2010 lansert, med 41 % alkohol.Sink the Bismarck!: Brewery Releases World's Strongest Beer At 41% ABV - Huffington Post. Lese 11. juli 2013 I juli 2010 lanserte dei òg The End of History. Dette ølet vart tappa i flasker putta ned i traffikdrepne dyr.Scottish brewery introduces world's costliest beer at £700 a bottle.. and it comes in a stuffed squirrel - Daily Record. Lese 11. juli 2013 Dette var ikkje berre verdas sterkaste øl på 55 %, men også verdas dyraste øl.BrewDog Unveils the World's Strongest, Squirreliest Beer Ever - Eater. Lese 11. juli 2013 Ei flaske kosta 500 britiske pund.

Dei produserer flaskeøl av mange ulike slag, spesielt av typane IPA, stout og lager. Flaggskipet deira, Punk IPA, er Skandinavias mest selde IPA. Dei eksporterer øl til blant anna Japan, Taiwan, Estland, Finland, Danmark, Sverige, Noreg, Nederland, Sambandsstatane, Canada og Australia.

Bryggeriet eig òg ei rekkje barar i Storbritannia og ein i Stockholm.Bars - brewdog.com. Lese 11. juli 2013

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «BrewDog» frå , den 23. november 2012.

Blogginnlegg etter at hunden Bracken døydde

kategori:Britiske bryggjeri kategori:Skotske føretak kategori:Skotsk mat kategori:Aberdeenshire