Leskov Island er ei lita, aude øy i Traversay Islands i Sør-Sandwichøyane. Ho er mindre enn 1,5 km lang og ligg 48 km vest for Visokoi Island. Ho vart oppdaga i 1819 av ein russisk ekspedisjon under Bellingshausen, som kalla ho opp etter tredjeløytnanten på ekspedisjonsskipet «Vostok».
Leskov ligg vest for hovudbogen i Sør-Sandwichøyane, og består av andesittisk i staden for basaltisk lava og det høgaste punktet er 190 meter over havet. Subduksjonssonen som dannar Sør-Sandwichgropa ligg aust for øybogen.
Sjå òg Antarktiske og subantarktiske øyar
Kjelder
volcano.und.edu
Kategori:Øyar i Sør-Sandwichøyane Kategori:Vulkanar i Atlanterhavet Kategori:Vulkanar i Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane