Ottesens Skipsbyggeri er eit firma lokalisert på Jensaneset, Sagvåg, i Stord kommune. Det vart skipa i 1825 og i den mest aktive perioden, 1902 – 1961, vart det bygd i alt 214 nye båtar ved verftet og det skal ha omfatta heile 12 bygningar med totalt 200 meters kailengd. Det kan til tider ha vore så mykje som 80 tilsette i denne perioden.

Ottesens Skipsbyggeri har i dag oppgåva med vedlikehald og utvikling av eigedomen på Jensaneset som inneheld to spesialområde for bygningsvern og industri.

Historie

Ottesens Skipsbyggeri vart skipa i 1825 av Otte Ottesen. Det var på den tida allereie mykje aktivitet i samband med båtbygging i Sagvåg, og området husa fleire mindre båtbyggeri. Framover mot 1900 kjøpte Ottesen opp dei andre båtbyggeria som var lokalisert på sjølve Jensaneset. Båtane som vart bygde den første tida var i all hovudsak handelsskip som vart nytta i Austersjøen, og fiskebåtar til bruk i Nordsjøen og ved Island.

Barnebarna til Otte Ottesen, Gunvald og Nils Andreas Ottesen, overtok drifta i 1902 og etablerte eigne sagbruk, lysanlegg og fleire slippar. Framover mot 50-talet fortsette utbygginga av verftet, og det bestod på det meste av 5 slippar, 2 flytekranar for løft op till 8 tonn, sagbruk, snikkarverkstad og mekanisk verkstad for reparasjon av båtmotorar.

I 1955 overtok to av sønene til Gunvald Ottesen, Nils og Leif Ottesen, og ein av sønene til Nils Andreas Ottesen, Reinert Ottesen, drifta av verftet.

I 1961 slutta produksjonen av nye båtar, og det vart i tida framover berre utført reparasjonsarbeid. Det vart, som nemnt ovanfor, bygd i alt 214 nye båtar ved verftet frå 1902 til 1961.

Blant båtane bygde ved Ottesens Skipsbyggeri var enkelte spesialbåtar. Dette inkludete bl.a. «Herman Friele», produsert i 1922 for Bergen Musæums Biologiske Stasjon på Herdla og vart brukt som havforskingsfartøy. Skipet var på utlån til Trondhjem Biologiske Stasjon i perioden 1955 – 1962. Ottesens Ottesens Skipsbyggeri bygde også redningsskøytar, inkludert «Olav Østensjø jr.» og «Haakon 7». «Haakon 7» skilde seg ut ved og vere ein av tre båtar bygde som stålbåt, og ikkje trebåt.

Verftsområdet på Jensaneset var frå 1980-talet utleigd til Sagvåg Båtservice, seinare ein del av Rubb Sagvåg Båtservice A/S. Denne bedrifta flytta i 2009 til Bømlo.

Noverande status

Det som er att av arbeidet til Ottesens Skipsbyggeri er forvaltning av eigedomen. Selskapet har ansvar for vedlikehald og utvikling av eigedomen i tråd med kommunedelplan for kulturminne og kulturmiljø i Stord kommune, vedteke 26.11.2009. Eigedommen inneheldt to spesialområder for bygningsvern og industri.

Modernisering av eksisterande bygningar, samt nybygg, er tillate på området så lenge utforminga er tilpassa det verneverdige miljøet i storleik, form og funksjon.

Arkiv

Arkivmaterialet etter verksemda er overlevert Hordaland fylkesarkiv og inneheld skipsteikningar og foto som kan vere av stor verd for maritim historie.

Referansar

: Fartøyliste - Ottesens Skipsbyggeri , Sagvåg Kystlag. Besøkt 13.11.2012

Høyland, Ola: Stord Bygdebok bd. III. Stord i gamal og ny tid. Bergen 1973, s. 308 - 309

Høyland, Ola: Stord Bygdebok bd. II. Gards- og ættesoga. Bergen 1966 Ny utgåve 1985 ved Egil Nysæter, s. 739

: Bergen Musæums Biologiske Station og dens etterkommere i Bergen, Universitetet i Bergen, Institutt for Biologi. Besøkt 13.11.2012

: Trondhjem Biologiske Station - hundre år i Trondheimsfjordens tjeneste, Til Opplysning, Universitetsbiblioteket i Trondheim. Besøkt 13.11.2012

: Plan for bygningsvern, del av kommunedelplan for kulturminne og kulturmiljø , Stord kommune. Besøkt 13.11.2012

Kategori:Skipsverft i Vestland Kategori:Næringsliv på Stord Kategori:Skipingar i 1825 Kategori:Sagvåg O