Charcot Island eller Charcot Land er ei øy i Antarktis. Ho er 48 km lang og 40 km brei og er isdekt utanom nokre fjell som trengjer gjennom isen på nordkysten. Ho ligg 58 km vest for Aleksanderøya, og kring 50 km nord for Latady Island. Øya ligg i Bellingshausenhavet. Eit landemerke på øya er Cape Byrd, det nordlegaste neset på øya.
Historie Charcot Island vart oppdaga on 11. januar 1910 av Den franske antarktisekspedisjonen under Jean-Baptiste Charcot, som etter at mannskapet hans insisterte kalla ho Charcot Land. Han gjorde dette og hevda han æra faren, Jean-Martin Charcot, ein kjend fransk lækjar. At det var ei øy vart bevist av sir Hubert Wilkins, som fauk kring øya den 29. desember 1929.
Kollapsande isbru i 2009 Isbrua som held Wilkins isbrem til kysten av Antarktis og Charcot Island var 28 km lang, men berre 500 brei på det smalaste. I 1950 var han 99 km lang. Ho braut sundt i april 2009 over eit område som målte 12,5 gangar 2,4 km. Isbrua kollapsa raskt og vart til hundrevis av isfjell.
Sjå òg Composite Antarctic Gazetteer Antarktiske og subantarktiske øyar Antarktiske øyar sør for 60 °S SCAR kravområde i Antarktis
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Charcot Island» frå , den 16. november 2012. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Øyar i Palmer Land