Petermann Island er ei lita øy like utanfor vestsida av Den antarktiske halvøya i Antarktis og like sør for Booth Island og Lemaire Channel. Ho er 2 km lang, og har den sørlegaste kolonien med bøylepingvinar i verda, i tillegg til mange adeliepingvinar.

venstre|mini|Panorama - pingvinkoloniar, cruiseskip og turistar. Petermann Island i Antarktis venstre|mini|Adeliepingvinar hekkar på Petermann Island. Fugleskiten deira gjer at klippene får ein rosa farge. venstre|mini|Groussac-hytta på Petermann Island.

Øya vart oppdaga av ein tysk ekspedisjon i 1873-74, som namngav ho etter geografen August Petermann. Den franske antarktisekspedisjonen 1908-10 overvintra ombord på skipet «Pourquoi-Pas?» i ei vik på søraustsida av øya, som dei kalla Port Circumcision fordi ho vart oppdaga 1. januar 1909, den tradisjonelle dagen for Jesu omskjering (circumcision på fransk).

Ekspedisjonen bygde hytter i vika, men desse er i dag borte, og berre ein varde står att, i tillegg til ei redningshytte bygt av Argentina i 1955, og ein kross til minne om tre medlemmar av British Antarctic Survey som døydde i 1982 i eit forsøk på å krysse havisen frå Faraday Station til Petermann.

Sjå òg Composite Antarctic Gazetteer Antarktiske øyar sør for 60 °S SCAR Kravområde i Antarktis

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Petermann Island» frå , den 18. november 2012.

Kategori:Øyar i Graham Land