Atlas Cove er ei vik på nordkysten av Heardøya sør i Indiahavet, og ligg mellom Laurens Peninsula og Rogers Head. Ho vart namngjeven av amerikanske selfangarar etter ein av skonnertane som gjekk i land på Heardøya i 1855. Namnet finst på eit kart av den britiske ekspedisjonen under Nares, som vitja øya med HMS «Challenger» i 1874 og skreiv då ned dette namnet som var i bruk av selfangarane.
Frå 1947 til 1955 låg det ein forskingsleir ved Atlas Cove. I 1969 var amerikanske forskarar igjen ved vika. Busetnaden vart i 1971 utvida av franske forskarar.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Atlas Cove» frå , den 23. november 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Kart over Atlas Cove og nordvestkysten av Heardøya Kart over Heard- og McDonaldøyane, inkludert vika
Kategori:Bukter på Heard- og McDonaldøyane