Arne Barhaugen () var ein kombinertrennar frå Oslo, der han også døydde. Han representerte Nydalens Skiklub.
Barhaugen deltok for Noreg i kombinerttevlinga under ski-VM 1954, vinter-OL 1956, ski-VM 1958 og vinter-OL 1964. Beste plasseringane kom i Cortina d'Ampezzo i 1956 med femteplass, og ein noko overraskande sjetteplass i Innsbruck 1964. Gjennom sine tolv sesongar i noregseliten vann han ei einaste NM-medalje, bronsemedaljen i Rælingen i 1963. Åtte år tidlegare tok han sin einaste pallplass i eit større, internasjonalt renn; han vart då nummer tre i Svenska skidspelen i Nässjö.
Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn 1953: Nr 8 i Holmenkollen 1954: Nr 4 i Lahti og nr 8 under VM i Falun 1955: Nr 3 i Svenska Skidspelen i Nässjö 1956: Nr 5 OL i Cortina d'Ampezzo 1957: Nr 6 i Holmenkollen og i Lahti 1958: Nr 11 i VM i Lahti, og nr 7 i Holmenkollen 1959: Nr 9 i Lahti 1960: Nr 10 i Holmenkollen 1962: Nr 8 i Holmenkollen 1963: Nr 7 i Holmenkollen 1964: Nr 6 i OL i Innsbruck og i Svenska Skidspelen i Kiruna
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1954: Nr 5 på Kongsvinger Ski-NM 1955: Nr 6 på Voss Ski-NM 1957: Nr 6 i Mo i Rana Ski-NM 1958: Nr 4 i Oslo Ski-NM 1959: Nr 4 på Gjøvik Ski-NM 1961: Nr 4 på Røros og i Rælingen Ski-NM 1962: Nr 5 i Skien Ski-NM 1963: Bronsemedalje i Rælingen Ski-NM 1964: Nr 4 på Voss Ski-NM 1965: Nr 4 på Fåberg
Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar Denne artikkelen bygger på «Arne Barhaugen» frå , den 24. november 2012.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske kombinertløparar Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1956 Kategori:Kombinertløparar under vinter-OL 1956 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1964 Kategori:Kombinertløparar under vinter-OL 1964 Kategori:Folk frå Oslo