Kondorpapegøye (Pyrilia aurantiocephala) er ein art i papegøyefamilien Psittacidae. Han er endemisk for austsentrale Amazonas i Brasil. Dei naturlege habitata er tropiske fuktige låglandsskogar. Denne papegøyen vart opphavleg trudd å vere ein juvenil av gribbpapegøye grunna den oransje farga på det skalla hovudet, i motsetnad svart hovud på vaksne gribbpapegøyar. Men då det vart oppdaga at dei skalla individa var kjønnsmodne, vart fuglen skildra som ein ny art. I røyndomen er ungfuglar av begge artar fjørkledde, med grønaktig hovud heilt ulikt vaksne fuglar.

Kondorpapegøyen er ein liten til middels, samla sett grøn papegøye med eit skalla, bruntorange hovud. Som fleire andre medlemmar av slekta Pyrilia, har den raude undervengen dekkfjører som knapt er synlege når dei sit, men svært iaugefallande i flukt.

Han blir rekna som nær truga av BirdLife International, og dermed av IUCN på grunn av den utbreidde avskoginga av Amazonas.BirdLife International (2012) Species factsheet: Pyrilia aurantiocephala . Henta frå http://www.birdlife.org den 25. november 2012 Tidlegare var kondorpapegøyen plassert i slekta Pionopsitta, som no er monotypisk.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Bald Parrot» frå , den 25. november 2012. oppgav desse kjeldene: Bald Parrot (Pionopsitta aurantiocephala) arthurgrosset.com. Lest 25. november 2012

Referansar

Bakgrunnsstoff

NRK Vitenskap og teknologi: Skalla papegøye og 4 meter lang anakonda blant nyoppdaga artar i Amazonas Lest 25. november 2012

Kategori:Parakittar Kategori:Fuglar endemiske for Brasil