Sandefjordbukta (Sandefjord Bay) var ei isbukt inst i Prydzbukta, ved austsida av Amery isbrem. Bukta finst ikkje lenger ettersom ho vart dekt av isen frå Amery isbrem. Ho låg inst i Prydzbukta og var kring kring 46 km brei. Vika grensa i vest til Amery isbrem, i aust til Publications isbrem, og i sør til fastlandet.

Ho vart oppdaga i februar 1935, av kaptein Klarius Mikkelsen i kvalbåten «Thorshavn» og namngjeven etter Sandefjord i Noreg.Australian Antarktis Gazetteer Id 98 Dei gav ho namnet Sandefjordbukta etter byen Sandefjord, som var senter for den norske kvalfangstindustrien.

I amerikanske kjelder blir bukta kalla Sandefjord Ice Bay eller Sandefjordisbukta. Leddet «ice bay» eller «isbukt» vart lagt til namnet for ikkje forveksle ho med Sandefjordbukta på Peter I Øy.

Sjå òg Knattskjera Landing Bluff

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sandefjord Bay» frå , den 30. november 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Bukter i Princess Elizabeth Land