mini|Helleristing i Canada. Bergkunst er eit arkeologisk omgrep brukt om symbol og bilete som er blitt måla, rissa eller skore ut i steinar, fjell eller berggrunn, som regel i førhistorisk tid.

Helleristingar er ei form av kunsten der figurar er skorne ut i berget, og er den vanlegaste forma for bergkunst i Skandinavia. Bergkunst kan òg finnast i fjellholer, som holemåleri.

mini|I helleristingsområdet i Alta kan ein mellom anna sjå ein mann som fiskar. I Noreg er det vanleg å måla opp helleristingar med raudmåling.

Bergkunst er ein svært viktig historisk kjelde til korleis menneska levde i førhistorisk tid, særleg i steinalderen, som det finst få andre kulturlevningar frå. Ein kan til dømes lesa mykje om viktige matvegar, som jakt og fiske, ut frå kunsten. På den andre sida er det vanskeleg å vita kvifor kunsten er der–blei han laga for å hugsa, underhalda, utføra magi eller i samband med rituelle handlingar?

Kjende bergkunststader

Holemåleria i Lascaux i Frankrike står på UNESCO si verdsarvliste. Det same gjer helleristingsområdet i Alta.

Bakgrunnsstoff

Bergkunst.net Truga bergkunst i Norge Om vern av bergkunst ved Tromsø museum Levande bergkunst i Mosambik Riksantikvaren om bergkunst

Litteratur Gro Mandt og Trond Lødøen: Bergkunst : helleristningar i Noreg, Oslo Det Norske Samlaget 2005 ISBN 82-521-6227-4

*