Johannesen Point er det sørvestlege neset på Main Island i Willisøyane utanfor vestenden av Sør-Georgia. Neset vart kalla «All Johannesens Point», visstnok av eit lag frå Discovery Investigations som kartla Sør-Georgia i perioden 1926–30. Etter ei kartlegging av øya i 1951–52, rapporterte South Georgia Survey at dette tungvindte namnet sjeldan var i bruk lokalt. På grunnlag av dette tilrådde UK Antarctic Place-Names Committee det noverande kortare namnet.

Kjelder

Kategori:Nes på Sør-Georgia