Cape Nuñez er eit nes heilt sørvest på Nuñez Peninsula på sørkysten av Sør-Georgia. Namnet går attende til minst 1912 og vart truleg gjeve av kvalfangarar som arbeidde langs denne kysten.
Nuñez Peninsula () er ei klipperik og forholdsvis snøfri halvøy, 8 km lang. Ho ligg mellom Queen Maud Bay og Jossac Bight på sørkysten av Sør-Georgia. Halvøya vart tidleg kjend for kval- og selfangarar på Sør-Georgia. Ho vart kartlagd av South Georgia Survey i perioden 1951–57, og vart namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee i samband med Cape Nuñez som ligg heilt sørvest på halvøya.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Cape Nuñez» frå , den 3. desember 2012. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Nes på Sør-Georgia