Reinhold Bachler () er ein austerriksk tidlegare skihoppar frå Eisenerz i Steiermark. Han vann olympisk sølvmedalje i normalbakken under vinter-OL 1968 i Grenoble. Året før sette han verdsrekord i skiflyging med 154 meter i Vikersundbakken.
Aktiv Bachler vart lagt merke til internasjonalt då han i 1966 kom på fjerdeplassen under hopprennet i Lahti. Under verdsmeisterskapen i Holmenkollbakken same sesongen vart han nummer tolv. Han kom på sjuandeplass i Holmenkollrennet 1967, og overraska stort då han straks etter i Vikersundbakken smelte til med 154 meter og forbetra den eittårgamle verdsrekorden i skiflyging, tilhøyrande Lars Grini, med fire meter.
Året etter tok Bachler sølv i normalbakkerennet under Nordiske greiner under OL i Grenoble, Jiří Raška frå Tsjekkoslovakia vann rennet. Bachler deltok kvart år i den tysk-austerrikske hoppveka, men presterte heile tida svært ujamt. To gongar kom han på pallen, begge i nyttårshopprennet i Garmisch-Partenkirchen (1967 og 1968).
Fyrste halvdelen av 1970-åra makta ikkje Bachler å hevde seg mot den ypparste verdseliten. I 1975 kom han på tredjeplass i Lahti, eit renn som hans landsmann Karl Schnabl vann. Bachler måtte vente til 1975/76 før han atter kunne stige på sigerspallen den tysk-austerrikske hoppveka, han vart då nummer tre i renna i Oberstdorf og i Innsbruck, og han vart og nummer tre samanlagt i hoppveka. Det var fyrste gongen han plasserte seg mellom dei ti beste i ei hoppveke, året etter vart han samanlagt nummer åtte, i si siste hoppveke.
Under vinter-OL 1976, på austerriksk snø i Innsbruck, hoppa Bachler for Austerrike i begge bakkane, og kom frå det med ein femteplass og ein sjetteplass.
Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap VM 1966 i Oslo: Nr 12 i storbakken OL 1968 i Grenoble: Sølvmedalje normalbakken og nr 6 i storbakken VM 1970 i Štrbské Pleso: Nr 9 i storbakken OL 1972 i Sapporo: Nr 24 i storbakken VM 1974 i Falun: Nr 24 i normalbakken OL 1976 i Innsbruck: Nr 5 i storbakken og 6 i normalbakken
Kjelder
Sportsboken, aktuelle årgangar
Denne artikkelen bygger på «Reinhold Bachler» frå , den 8. desember 2012.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Austerrikske skihopparar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Austerrike Kategori:Olympiske medaljevinnarar i skihopping Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1968 Kategori:Austerrikske deltakarar under vinter-OL 1968 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 1968 Kategori:Austerrikske deltakarar under vinter-OL 1972 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 1972 Kategori:Austerrikske deltakarar under vinter-OL 1976 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 1976