mini|Skildring av menneskeskjelettet av Gerard de Lairesse i Govard Bidloos Innleiing til det menneskelige lekam frå 1685. Det finst 206 knoklar i menneskeskjelettet til eit vakse menneske. Fordi det finst anatomiske variasjonar så kan nokre individ ha fleire eller færre bein. Det vanlegaste er å ha ei halsribbe eller fleire lumbarvirvlar. Senebein, slik som kneskåla patella, kan òg variere.

Ein seier ofte at skjelettet består av 206 bein, men ulike teljemetodar gjev ulike svar. Det kjem an på om ein til dømes tel skallen som eitt eller fleire bein, som då er avhengig om ein reknar bein som har vakse saman (synostose) som eitt eller fleire. Talet på bein forandrar seg òg i løpet av livet. Fleire forbeiningssenter med brusk mellom slår seg saman til færre vaksne bein, ein prosess som oftast er ferdig i tjueåra.

Bein Hovudskallen 200px|mini|Ein menneskeskalle. Hjerneskallen (8) Pannebeinet, os frontale Issebeinet (2), os parietale Tinningbeinet (2), os temporale Bakhovudbeinet, os occipitale Kilebeinet, os sphenoidale Silbeinet, os ethmoidale

Andletsskallen (14) Underkjeven, mandibula Overkjeven (2), maxilla Ganebeinet (2), os palatinum Kinnbeinet (2), os zygomaticum Nasebeinet (2), os nasale Tårebeinet (2), os lacrimale Nedre nasemusling (2), concha nasalis inferior Plogbeinet, naseskillebeinet, vomer

I mellomøyret (6) Hammaren (2), malleus Ambolten (2), incus Stigbøyelen (2), stapes

I strupen (1) Tungebeinet, os hyoideum

I skulderbogen (4) mini|200px|Akseskjelettet til mennesket med skulderblad, kragebein, brystbeinet, ribbein, ryggsøyle og bekkenbeina. Skulderbladet (2), scapula Kragebeinet (2), clavicula

I brystkassa (25) Brystbeinet, sternum Ribbeina (12 · 2), costae

I ryggsøyla (24) Halsvirvlane (7), vertebrae cervicales, Den første halsvirvel, C1, atlas Den andre halsvirvel, C2, axis Den framståande halsvirvel, C7, vertebra prominens Brystvirvlane (12), vertebrae thoracicae Lendevirvlane (5), vertebrae lumbales

I overarmane (2) Overarmsbeinet (2), humerus

I underarmane (4) Spolebeinet (2), radius Olbogebeinet (2), ulna

I handa utanom senebeina (54) mini|Handbeina til mennesket. Her er ikkje senebeina vist. Handrota, carpus Båtbeinet (2), os scaphoideum Månebeinet (2), os lunatum Pyramidebeinet (2), os triquetrum Ertbeinet (2), os pisiforme Det store mangekanta beinet (2), os trapezium Det vesle mangekanta beinet (2), os trapezoideum Hovudbeinet (2), os capitatum Krokbeinet (2), os hamatum Mellomhanda, metacarpus mellomhandsbeina (5 · 2), ossa metacarpi Fingerbeina Proksimale falangar (5 · 2), phalanx proximalis Mellomfalangar (5 · 2), phalanx media Distale falangar (5 · 2), phalanx distalis

I bekkenet (4) Krossbeinet, os sacrum Halebeinet, os coccyx Hoftebeinet (2), os coxae, som er danna av dei samanvaksne Tarmbeinet, os ilium Sitjebeinet, os ischium Skambeinet, os pubis

I låret (2) Lårbeinet (2), femur

I leggen (6) Kneskåla (2), patella Skjenebeinet (2), tibia Leggbeinet (2), fibula

I foten utanom senebeina (52) mini|Fotknoklane til eit menneske. Okla, tarsus Hælbeinet (2), calcaneus Ristbeinet (2), talus Båtbeinet (2), os naviculare Kilebeina (3 · 2), ossa cuneiformia mediale, media et laterale Terningbeinet (2), os cuboideum Mellomfoten, metatarsus Mellomfotbeina (5 · 2), ossa metatarsi Tåbeina Proksimale falangar (5 · 2), phalanx proximalis Mellomfalangar (4 · 2), phalanx media Distale falangar (5 · 2), phalanx distalis

Kategori:Menneskeanatomi *Liste over bein i menneskeskjelettet