Cape Danger er eit klipperikt nes heilt nordvest på Desolation Island i innløpet til Hero Bay på Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis. Området vart vitja av selfangarar tidleg på 1800-talet som opererte frå nærliggande Blythe Bay.

Neset vart kartlagd i 1935 av eit lag frå Discovery Investigations og fekk dette namnet på grunn av nokre grunner kring neset.

Neset ligg 12,13 km vest for Williams Point, 3,33 km nord-nordvest for Iratais Point, 11,68 km nord-nordaust for Siddons Point og 21,6 km aust for Cape Shirreff.

Kjelder SCAR Composite Gazetteer of Antarctica.

Kategori:Nes på Sør-Shetlandsøyane Kategori:Bulgaria og Antarktis