mini|Topografisk kart over Livingston Island, Greenwich, Robert, Snow og Smith Islands. Hannah Point er eit nes på sørkysten av Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis. Det dannar austsida av innløpet til Walker Bay og vestsida av innløpet til South Bay. Det ligg nedanfor Ustra Peak i nord, med Liverpool Beach som strekkjer seg mellom fjellet og tuppen av Hannah Point. Området vart ofte vitja tidleg på 1800-talet av engelske og amerikanske selfangarar opererte frå Johnsons Dock.
Av fuglar som hekkar her på neset finn ein bøylepingvin og gulltoppingvin, i tillegg til taremåse, sørkjempepetrell, knoppskarv, jo og antarktisslirenebb. Sørleg elefantsel og antarktisk pelssel finst òg på neset.Hannah Point, Livingston Island. Oceanites.
Hannah Point vert ofte vitja av antarktiske turistcruise.
Neset er kalla opp etter den britiske selskuta «Hannah» som forliste i nærleiken i 1820 medan dei jakta i Sør-Shetlandsøyane.
Neset ligg 13,95 km nordaust for Elephant Point, 8,16 km vest-sørvest for Ereby Point, 12,36 km vest-sørvest for Hespérides Point og 11,76 km nordvest for Miers Bluff.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Hannah Point» frå , den 9. desember 2012. oppgav desse kjeldene:
SCAR Composite Antarctic Gazetteer. Ivanov, L. General Geography and History of Livingston Island. In: Bulgarian Antarctic Research: A Synthesis. Eds. C. Pimpirev and N. Chipev. Sofia: St. Kliment Ohridski University Press, 2015. pp. 17-28. ISBN 978-954-07-3939-7
Kategori:Nes på Livingston Island