mini|Topografisk kart over Livingston Island, Greenwich, Robert, Snow og Smith Islands. Sparadok Point (bulgarsk нос Спарадок, ‘Nos Sparadok’) er eit spisst, isfritt nes som stikk 200 m frå kysten av Byers Peninsula på Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis med ei rekkje skjer som strekkjer seg vidare nordover i Barclay Bay. Det ligg 1,6 km sørvest for Nedelya Point og 2,2 km søraust for Lair Point. Området vart vitja tidleg på 1800-talet av selfangarar.
Neset er kalla opp etter den thrakiske kongen Sparadok, 445-435 fvt.
Kjelder Sparadok Point. SCAR Composite Gazetteer of Antarctica.
Kategori:Nes på Livingston Island Kategori:Bulgaria og Antarktis