Rabot Point er eit høgt nes på austsida av James Ross Island. Det ligg i Markham Bay og mellom endane av Gourdon- og Hobbsbreen. Namnet «Rabot Gletscher» etter den franske glasiologen Charles Rabot, vart opphavleg gjeve av Otto Nordenskjöld, leiaren for Den svenske antarktisekspedisjonen, 1901–04, til ein liten isbre like vest for The Watchtower på sørsida av øya. Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) kartla den sørlege delen av øya i 1953 og meinte at isbreen var så liten at han ikkje trong noko namn. For å bevare namnet i nærleiken vart det gjeve til dette neset av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC).

Kjelder

Kategori:Nes på James Ross Island