Musculus serratus anterior (frå latin: serrare - «å sage», anterior - «fremre»), på norsk òg kalla den fremre sagmuskelenDahl, Hans A.: Menneskets funksjonelle anatomi, Cappelen Damm AS, 2010, 3. utgåva, s. 393 er ein muskel som ligg inn mot brystkassa under armhòla, axilla og rører skulderbladet scapula.
Utspring og feste
Han spring ut frå overflata til dei øvste ni eller ti ribbeina på framsida av brystkassa. Han er feste i ribbeina i muskelbuntar som strekkjer seg fram på kvart ribbein,Det radiologiske fakultetet, Universitetet i Washington - 14.12.2012 og slik får muskelen den sagtannliknande utsjånaden som gir namnet serratus. Han festar på heile den fremre delen av den mediale skulderbladskanten, margo medialis scapulae, og når han trekkjer seg saman vil skulderbladet bli trekt ut og framover.
Innervasjon mini|left|Scapula alata som er vist her kjem av at n. thoracicus er lamma. Muskelen får nerveforsyninga si frå n. thoracicus longus. Han kjem frå overarmsflettverket, plexus brachialis, og går ut frå ryggmergen ved C6-C8, det vil seie frå det sjette til det åttande halsryggmergssegment. Han fér heilt inferiort på muskelen før han breier seg inn i muskelen.
Ved lamming av n. thoracicus longus vil ein ikkje klare å trekkje skulderbladet inn mot baksida av brystkassa om ein skyt fram armane. Det resulterer i venging av skulderbladet, scapula alata.<ref>Nevro-NEL Scapula alata</ref> Det kan skje etter visse kirurgiske inngrep ved at ein skadar nerven, inngrep slik som fjerning av lymfeknutar i armhòla som er vanleg ved brystkreft. Det kan òg hende om ein ber tunge sekkar over skuldrene. Wikipedia.org - Long thoracic nerve (engelsk), 14.12.2012
Fleire bilete
Sjå ògM. serratus posterior superiorM. serratus posterior inferior''
Kjelder
Serratus anterior