Musculus latissimus dorsi (frå latin: latissimus - «breiaste», dorsi - «som høyrer til ryggen»), på norsk òg kalla den breie ryggmuskelenDahl, Hans A.: Menneskets funksjonelle anatomi, Cappelen Damm AS, 2010, 3. utgåva, s. 395, er ein brei, flat, trekanta ryggmuskel som ligg på ryggflanken og strekkjer seg opp til brystkassa for å vere ein del av den bakre aksillefolden. Han er delvis dekt av m. trapezius i torakalregionen.
Muskelen blir rekna som ein overarmsmuskel som har migrert til ryggen. Han er med det ikkje ein del av dei eigentlege ryggmusklane.
Utspring og feste Muskelen spring ut frå eit sterkt fibrøst seneblad som er kalla ryggaponevrosen, fascia thoracolumbalis, som sit fast i ryggtaggane processi spinosi T7-L5 og frå vidareføringa av ryggtaggane på krossbeinet, crista sacralis mediana, og bakre delen av hoftekammen crista iliaca. Ofte er òg nokre muskelbuntar festa i nedre kanten av skulderbladet, angulus inferior scapulae. Dei muskelbuntane som kjem frå hoftekamsdelen av fascia thoracolumbalis er ofte òg festa i dei 3-4 nedste ribbeina, costae.
Muskelen skyt opp under m. trapezius og festar seg på beinlista under den vesle overarmbeinsknuten, tuberculus minus, som er kalla crista tuberculi minoris humeri.Feneis, Heinz: Anatomisk billedordbog, Munksgaard Danmark, 3. utgåva, 12. opplaget, 2011, s. 74 Andre kjelder hevdar at han festar i fura mellom dei to overarmsknutane, sulcus intertubercularis humeri.Wheeless, Clifford R.: Textbook of Orthopaedics, nettstad, 15.12.2012 Det har i alle høve ingen funksjonell tyding. Endesena bøyger seg om den nedre og fremre kanten av m. teres major før han vrir seg om seg sjølv og festar anteriort for m. pectoralis major og posteriort for m. teres major. Ein hugseregel er at m. latissimus dorsi er «ladyen mellom dei to majorane».
Rørsle M. latissimus dorsi er ein adduktor (nedoverførar) og ein innoverrotator i skulderleddet. Om armen er flektert (halden framover), så kan han verke som ein ekstensor òg (trekkjer armen nedover og bakover). Sidan endesena er tvinna, vil han ha særs god kraft når arma er abdusert (halden ut frå sida) og skal adduserast, likt med m. pectoralis major.
Han blir særleg nytta i aktivitetar som staking, klatring og krykkegåing. Han er og i bruk når ein hostar kraftig.Dahl, Hans A.: Menneskets funksjonelle anatomi, Cappelen Damm AS, 2010, 3. utgåva, s. 397
Innervasjon Muskelen får nerveforsyninga si frå n. thoracodorsalis, òg kalla n. subscapularis. Han kjem frå overarmnerveflettverket plexus brachialis.
Fleire bilete
Sjå òg M. trapezius M. pectoralis major M. teres major M. deltoideus
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Rygg ved snl.no
Latissimus dorsi