mini|Minneplate ved Ankerhytten Fjeldly på Sandviksfjellet nedanfor Kvitebjørnen. Denne markerer staden der ei ankerklo frå ankeret til «Voorbode» landa. Dette er 3 km og ca 400 moh bort frå eksplosjonsstaden. Eksplosjonen på Vågen i Bergen skjedde den 20. april 1944. Det tyske ammunisjonsskipet «Voorbode» med 120 tonn ammunisjon kom i brann og detonerte ved festningskaien på Vågen klokka 0839.

Minst 98 menneske mista livet, 4 800 skadd, 131 hus forsvann, 117 hus vart så sterkt skadd at dei måtte rivast, 45 hus vart sterkt skadd, medan 3 500 hus fekk mindre skadar. I etterkant av eksplosjonen vart 4260 barn evakuert. Viktige kulturminne som Nykirken, Tollboden, Bryggen, Rosenkrantztårnet og Håkonshallen vart sterkt skadd, men sidan restaurert.

Sabotasje? Historikar Vidar Erik Haugen har i ein artikkel påstått at eksplosjonen var ein sabotasjeaksjon frå alliert side, imot ubåthamna i Bergen (Laksevåg). Andre hevder derimot at det var ei ulukke.

Bilete

Bakgrunnsstoff Artikkel om ulukka frå Universitetet i Bergen Digitalt fortalt: "Evakueringen" (skrive av Åsta Vadset, Bergen byarkiv) April 1944, en morgen som alle de andre – av Elsa-Karin Svendsen Augevitneskildring Smauene som forsvant Skildring frå Nordnes, om 20. april 1944 med fotografi etter ulukka, og i nåtid. Ankerhytten – en bit av 20. april 1944 Video frå Ankerhytten og minnesmerket på Sandviksfjellet Minnesmerke for ofra etter eksplosjonen i Bergen 20. april 1944 Nettside med svært mange fotografi og lenker om eksplosjonsulukka

Kategori:Noreg under andre verdskrigen Kategori:Historie i Bergen Kategori:Bergen hamn Kategori:1944 i Noreg