MK «Austli» var ein motorkutter bygt i 1917. Ho vart selt til Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD) i 1920 som det første motorfartøyet til selskapet. «Austli» gjekk i lokalrutefart i Sunnhordland fram til 1948 då ho vart seld og teke i brukt som fraktefartøy. Ho vart sletta frå norsk register i 1975.

Historie

Skipet vart levert i 1917 til Aanen Vikanes i Sagvåg, men same året seld til H. W. Schaatum i Stavanger. I april 1920 vart skipet kjøpt inn av HSD i Bergen for 50 000 kroner og noko ombygd i Sagvåg, mellom anna med passasjerinnreiing. I juni 1920 vart det sett i supplerande lokalrutefart i lag med DS «Fjæra» i ruta (Leirvik-Mosterhamn-Valevåg-Leirvik-Halsnøy-Sunde). Ruta var godt motteken av passasjerane, men dei tykte ikkje om båten som både var for lite og gjekk for sakte. I 1922 fekk båten ny motor.

Skipet vart i 1948 seld til L. Baardsen på Stord og i 1950 til Lars Hetlelid på Stord.

I 1975 vart skipet sletta frå norsk register og var truleg selt til Tyskland i 1974 for bruk som lystbåt.

Kjelder Skipet.no

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske motorkutterar Kategori:Båtar frå Vestland Kategori:HSD-eigde fartøy Kategori:Skip frå 1917 Kategori:Skip bygde i Sagvåg