Bordet eller Taffelberget (frå latin Mensa) er eit stjernebilde på den sørlege himmelhalvkula. Utanom stjernebiletet Oktanten, der sørpolen ligg, er dette det mest sørlege stjernebiletet. Det er derfor så godt som ikkje mogeleg å sjå frå den nordlege halvkula. Utanom Oktanten grensar det til Kamelonen, Gullfisken, Den sørlege vasslangen og Flygefisken.
Kjende objekt mini|venstre|Stjernebiletet Bordet slik det er for det nakne auga. Stjerner Bordet har ingen lyssterke stjerner, og Alfa Mensae er den mest lyssterke, berre så vidt synleg med ein storleiksklasse på 5,09. Bordet er derfor det mest lyssvake av alle stjernebileta på himmelen. Alfa Mensae er ei sol-liknande stjerne (klasse G5 V) og ligg 33 lysår frå jorda. Ho vert rekna som ein god kandidat til å ha ei jordliknande planet. Pi Mensae er òg ei sol-liknande stjerne (G1) og ligg 59 lysår unna. Ho har ei stor gasskjempe i bane. Denne kryssar den habitable sonen, noko som utelet at stjerna kan ha ein habitabel planet i omlaup.
Djupromsobjekt Bordet inneheld delar av Den store magellanske skya (resten ligg i Gullfisken).
dei første bileta teken av Chandra røntgenobservatorium var av PKS 0637-752, ein kvasar i Bordet med store gassjettar som er synleg i både synleg lys og røntgenlys.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Mensa (constellation)» frå , den 10. juli 2016. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
The Deep Photographic Guide to the Constellation: Bordet Star Tales – Bordet Bordet på Constellation Guide
Kategori:Stjernebilete Kategori:Sørlege stjernebilete