mini|høgre|Hospitalskyrkja - den eldste av åttekantkyrkjene i Noreg Åttekantkyrkje eller oktogonal kyrkje er eit kyrkjebygg der grunnplanet er ein rein oktogon, eller der berre sjølve skipet er ein oktogon som er kombinert med tilbygg (armar) for kor og våpenhus (slike tilbygg kan gje heile bygget ei meir langstrakt form som ei langkyrkje) eller der oktogonen har armar til fire sider (som i ei krosskyrkje).Muri, Sigurd (1975): Gamle kyrkjer i ny tid. Oslo: Samlaget.
mini|Røros kyrkje er ein særprega variant den åttekanta kyrkjetypen og størst av desse. Det åttekanta grunnplanet gjev betre synskontakt mellom tverrarmane og koret enn dei krossforma kyrkjene.Korskirke frå Store norske leksikon Kyrkjeforma vart vanleg frå omkring 1700 med Hospitalskyrkja i Trondheim som den eldste.Ekroll, Øystein (2012): Sunnmørskyrkjene - historie, kunst og arkitektur (foto: Per Eide). Bla: Larsnes. Det var innanfor Nidaros bispedømme åttekantforma først vart vanleg, og dei fleste åttekantkyrkjene var oppført av lafta tømmer.Christie, Håkon (1991): Kirkebygging i Norge i 1600- og 1700-årene. Årbok for Fortidsminneforeningen, årgang 145, s. 177-194.
Blant åttekantkyrkjene finn ein også nokre av landets største kyrkjebygg (dei tre største åttekantkyrkjene er alle i stein): Røros kyrkje 1640 sitjeplassar Trefoldighetskyrkja i Oslo, 1 000 plassar (tidlegare 1 200) Vang kyrkje i Ridabu, Hamar, 1 000 plassar Sør-Fron kyrkje, 750 plassar Tynset kyrkje, 700 plassarAlf Henry Rasmussen (red.): Våre kirker - norsk kirkeleksikon, side 612, Vanebo forlag 1993 Åmot kyrkje i Nord-Torpa, 700 plassar Flekkefjord kyrkje, 650 plassarKyrkjebyggdatabasen: Flekkefjord lese på nett 27.februar 2013. Stor-Elvdal kyrkje, 600 plassar Dolstad kyrkje i Vefsn, 500 plassar
Form
mini|Alexis de Chateauneufs grunnriss for Trefoldighetskirken i Oslo, gresk kors og åttekant i kombinasjon.
mini|høgre|Grytten kyrkje med åttesida tak. Karakteristisk for åttekantkyrkjene er at grunnplanet er ein rein oktogon, eller berre sjølve skipet er ein oktogon som er kombinert med tilbygg for kor og våpenhus. Åttekantkyrkjene er ei vidareutvikling av idéen bak sentralkyrkjeforma med kyrkjelyden samla i eitt rom omkring alteret. Samstundes kan tilbygg for kor og våpenhus gje heile bygget og sjølve kyrkjerommet ei meir langstrakt form som ei langkyrkje). Sjølve åttekanten kan òg ha ei langstrakt form som til dømes i Sør-Fron kyrkje. Åttekantkyrkjer kan ha form som ei sentralkyrkje ved at bygget er symmetrisk omkring ein vertikal akse midt i bygget (tårnet)http://snl.no/sentralkirke lese på nett 2.jan 2013. som i Norddal kyrkje, desse har då eit åttesida «telttak» avslutta med ein takryttar. Andre åttekantkyrkjer er ikkje symmetriske ved at tårnet er plassert over våpenhuset, som i Røros kyrkje. Avslutninga av Nidarosdomen mot aust er åttekanta og blir omtala som oktogonen, men Nidarsdomen er utforma som ein basilika med tverrskip (krossforma) slik at den og har preg av ei krosskyrkje.Muri, Sigurd; Norske kyrkjer, Oslo 1971 side 194 I ein del åttekantkyrkjer er åttekantforma brukt gjennomført til dømes i Lavik kyrkje der det åttekanta tårnet, spiret og takryttaren følgjer forma på skipet.Fylkesarkivet i S&F: Kulturhistorisk leksikon Aaraas, Margrethe Henden og Sigurd Vengen (2000): Lavik kyrkje. Lese på nett 16.mars 2013.
Åttekantforma kan symbolsk meining ved sida av byggtekniske og praktiske omsyn. Åttetalet er det symbolske talet for dåpsvatnet, og Jesus skal ha stått opp frå dei døde åtte dagar etter palmesøndag.
Dolstad kyrkje er ein kombinasjon av åttekant og krossarmar,Jakobsen, Mikael (1935): Dolstad kirke 1735-1935. Dolstad menighetsråd. og skal opphavleg ha vore bygd for 700 sitjeplassar. Også Hidra kyrkje har tverrarmar i kombinasjon med åttekant. Den store Trefoldighetskyrkja i Oslo kombinerer også åttekantforma med ein gresk kross, samstundes har den med sine store kuppel midt over skipet preg av sentralkyrkje. I Trefoldighetskirken speglar kuppelens åttekant skipets form. Samnanger kyrkje kombinerer basilikapreg med åttekantform ved at hjørna på sideskipa er avkutta slik at bygget får eit åttekanta grunnplan.Norges kirker «Samnanger kirke», lese på nett 14.8.2013.
I Tyskland vart det på den tida også oppført åttekantkyrkjer, mellom anna i Seiffen i Erzgebirge der kyrkja er ein regelbunden åttekant med små tilbygg som samstundes gjev bygget preg av ein gresk kross.
Konstruksjon og teknikk mini|høgre|Sør-Fron kyrkje på Hundorp er bygd i stein Byggemetoden er ofte tømmer (laft), med unntak av mellom anna Sør-Fron kyrkje, Vang kyrkje i Ridabu på Hamar og Røros kyrkje, som er av stein. Trefoldighetskirken i Oslo er ei av dei åttekantkyrkjene oppført i teglstein. Desse steinkyrkjene er òg dei største av åttekantkyrkjene. Den mindre Digermulen kyrkje vart oppført i betong etter krigen.
På grunn av mange ulike vinklar ved lafting er åttekantkyrkjer meir krevjande for tømraren samanlikna med langkyrkjer og krosskyrkjer med rettvinkla hjørne. Til dømes måtte tømraren i Norddal kyrkje lafte i hop tre stokkar med ulike vinklar i overgangen mellom skip og våpenhus. Då åttekantforma kom i bruk var krossforma det dominerande. Det åttekanta grunnplanet gjev betre synskontakt mellom tverrarmane og koret enn dei krossforma kyrkjene. Tverrarmane i krosskyrkja hjelper til å avstive laftekonstruksjonen slik at kyrkjerommet kan lagast større enn laftekonstruksjon med rektangulært grunnplan. På same måte gjorde åttekantforma at det var mogleg å bygge temmeleg store kyrkjerom fordi dei åtte veggane avstivar kvarandre, og Håkon Christie trur at dette er ein grunn til at kyrkjetypen vart vanleg i Noreg. Det var også lett å byggje galleri i desse kyrkjene noko som gav rom for fleire sitjeplassar.
Medan til dømes åttekantkyrkjene i Norddal og Stordal har søyler midt i rommet som støtte for tak og tårn, er en store takkonstruksjonen i Lønset kyrkje (14 m spenn) uten indre søyler.Vreim, Halvor (1947): Norsk trearkitektur. Oslo: Gyldendal.
Historie mini|Den danske Frederiksberg kyrkje har truleg påverka norske åttekantkyrkjer. Oktogonale (åttekanta), polygone (mangekanta) eller sirkulære grunnplanar for kyrkjerom har vore brukt i lange tider, særleg før mellomalderen og i autskyrkja. Klippedomen er døme på ikkje-kristent byggverk med åttekanta grunnplan. I Noreg har åttekantforma vore brukt til dømes i Valbergtårnet, eit åttekanta vakttårn i Stavanger.
Frå mellomalderen og utover var langkyrkjer eller krosskyrkjer dominerande i vestkyrkja. I barokken vart kyrkjerommet opna, og runde, ovale eller polygone former vart brukt. Åttekantforma høvde godt til kravet i den reformerte kyrkja om eit ope kyrkjerom med kyrkjelyden samla omkring alteret. I Noreg slo dette gjennom etter oppføring av Hospitalskyrkja i Trondheim med ei oktogonal grunnform. I dei neste 200 åra vart omkring 60 kyrkjer oppført som oktogonale kyrkjer i barokk eller neoklassisistisk stil, for det meste i Midt-Noreg. Ved sida av den generelle moten på denne tida, kan oktogonen i Nidarosdomen frå mellomalderen ha vore viktig for denne trenden. «Klassisismens egentlige kirkeform ble åttekanten,» skriv Vreim. Lorentz Dietrichson meinte at åttekantkyrkjene vart populære i Christian VIIs tid på grunn av rasjonalismens trong om ein forelesningssal.Hosar, Kåre (1988): Sør-Fron kirke. Lokal bakgrunn og impulser utenfra. Magisteravhandling i kunsthistorie. Universitetet i Oslo. mini|høgre|Norddal (Dale) kyrkje - den eldste åttekantkyrkja på Sunnmøre
Inspirasjonskjelda til dei første åttekanta kyrkjene er truleg i Nederland der det frå 1597 vart bygt fleire slike kyrkjer, men òg andre stader i det lutherske Europa var åttekantforma i bruk. Johan Christopher Hempel, truleg frå Nederland, blir rekna som arkitekt for Hospitalskyrkja. I Danmark vart Frederiksberg kyrkje oppført med åttekantform i 1734 av ein nederlandsk arkitekt, og er truleg ei inspirasjonskjelde for mellom anna Sør-Fron kyrkje. I Klingenthal vart til dømes den lutherske kyrkja Zum Friedefürsten med åttekantform reist i 1737. Den store barokkyrkja i Rellingen (Schleswig-Holstein) vart oppført i 1756 med eit åttekanta grunnplan og mansardtak. Katharinenkirche i Großenaspe (Schleswig-Holstein) frå 1770 har eit åttekanta skip og tårn over inngangspartiet. På denne tida var Schleswig-Holstein i union med Danmark-Noreg. I Noreg var det særleg innanfor Nidaros bispedømme åttekantforma (som den eldre Y-forma) vart teken i bruk.
I Noreg Dolstad kyrkje i Mosjøen er en av de eldste utanfor Trondheim og skal vere bygd etter mønster av Bakke kyrkje i Trondheim - «Bakke kirke har tjent som mønster såvel for byggverk som for tårn, som hadde sitt egenartede utseende».Jakobsen, Mikael (1935): Dolstad kirke 1735-1935. Dolstad menighetsråd, s.12. Norddal kyrkje frå 1782 var den første åttekantkyrkja på Sunnmøre. Byggmeisteren (som òg var arkitekt for kyrkja) reiste til Trøndelag for å sjå på ymse kyrkjebygg som førebilete for ny kyrkje i Norddal, og i «nærleiken» av Trondheim fann dei ei kyrkje dei likte godt, og som byggmeisteren teikna eit grunnriss av. Det var truleg Hospitalskyrkja dei kopierte, men det kan òg ha vore Bakke kyrkje i Trondheim. I åra etter vart fleire kyrkjer med same fasong oppført på Sunnmøre (til dømes Stordal gamle kyrkje) og i Nordfjord (Innvik kyrkje), dessutan i Tresfjord i Romsdal.Grunn og gror. Kultursoge. Norddal bygdebøker, band IV. Valldal, 1976. Ebbe Carsten Tønder (sokneprest frå 1759 til sin død 1785) teikna Stordal gamle kyrkje, og ho kan ha vore planlagt om lag samstundes med Norddal kyrkje. Tønder var frå Trondheim og kan blitt inspirert av dei to åttekantkyrkjene der. Grytten kyrkje i Rauma skal ha hatt Sør-Fron kyrkje som modell. Etter 1825 vart det reist 10 åttekantkyrkjer i de indre bygdene Agder, og Hornnes kyrkje vart eit førebilete for dei andre kyrkjene. Mellom anna er Årdal kyrkje i Bygland oppført etter same teikningar.Nilsen, Sigrid (1985): Åttekantkirkene på Agder 1825-1850. Årsskrift for Agder Historielag, årgang 61, s.55-63.
Røros kyrkje representerte i 1784 ein ny variant av åttekantkyrkja ved at den var større og meir langstrakt, og dessuten oppført i stein. Røros kyrkje inspirerte utforming av Tynset kyrkje som vart kopiert til Bardu kyrkje. Vreim kallar desse for «Røros-typen» av åttekantkyrkja.
I perioden 1750-1830 vart det oppført 230 kyrkjer i Noreg. Av desse var 35 åttekanta, 62 hadde langplan og 110 hadde korsplan. Halvparten av åttekantkyrkjene (17) vart oppført i dåverande Trondheim stift. Seinare vart planforma også vanleg i Agder.
Tapte bygg Alt i 1686 vart det på Roholt i Vrådal oppført ei åttekantkyrkje som truleg var den første i landet, det var eit lafta bygg som erstatta ei stavkyrkje frå mellomalderen.Kviteseid historielag lest på nett 4.mai 2013. Vrådal gamle kyrkje var ein rein åttekant i tømmer med påbygd våpenhus og seinare utvida med påbygg for kor. Den hadde eit bratt åttekanta tak med åttekanta takryttar og høgt spir. Det var ingen søyler ned i kirkerommet, slik at spiret vart støtta av svære bjelkar som kvilte på ytterveggene og lagt i eit stort kryss midt over kyrkjerommet. Det er uvisst korleis denne uvanlege forma kom til ei lita bygd i øvre Telemark.Nordbø, Halvor (1970): Vrådals gamle kyrkje. Serprent av Årbok for Telemark, 1970. Kyrkja i Vrådal skal ikkje ha påverka seinare åttekanta kyrkjebygg.Skrondal, Silje (1999): Sør-Fron kirke. Et forsøk på å beskrive sammenhengen mellom protestantisk kirkearkitektur, teologi og liturgi. Hovedoppgåve - Universitetet i Oslo, 1999
Rivne åttekantkyrkjer (år for oppføring og riving): Vrådal i Kviteseid (1686-1887) Øye i Surnadal (1724-1871) Undrumsdal i Re (1730-1882) Hopen på Smøla (1749-1891) Flekkefjord (1790-1843), ny kyrkje frå 1833
Tidlegare Hareid kyrkje var åttekanta men blei riven i 1877 på grunn av dårleg fundament. Gamle Kirkenes kyrkje vart oppført i 1862 og gjekk tapt i brann under andre verdskrigen.
Arkitektar