mini|Utbreiing av xiangspråket i Kina mini|Kinesiske dialektar og språk Xiang (kinesisk skrift 湘語, pinyin xiāng yǔ), kalla hunanesisk, er ein variant av kinesisk. Språket er oppkalla etter elva Xiang og er utbreidd særleg i provinsen Hunan.
Meir enn 36 millionar menneske i Kina har Xiang til morsmål, særleg i det sentrale og sørvestre Hunan, i dei fire fylka Quanzhou (全州), Guanyang (灌陽), Ziyuan (資源) og Xing'an (興安) nord i regionen Guangxi, og dessutan i mindre delar av Guangdong. Xiang-området er omgitt av mandarintalande område i nord, vest og sør, Hakka i sør, og av Gàn i austre Hunan og i Jiangxi. Xiāng er òg i kontakt med språka Tujia og Miao i nordvest.
Vi kan dele inn xiang etter kriteria gammal og ny, der den gamle (i sør) har stått seg betre mot påverknad frå mandarin. «Gammal xiang» er av stor interesse for språkforskarar sidan det som wu-dialekten har tatt vare på den gamle tredelte distinksjonen mellom obstruentar.
Det finst dessutan tre dialektgrupper innan xiang:
Chángyì (長益片) i 32 byar/byfylke og fylke, blant anna i Changsha Lóushào (婁邵片) i 21 byar/byfylke og fylke i Hunan og Guangxi Jíxù (吉漵片) i åtte byar/byfylke og fylke
Xiang var det språket som Mao Zedong voks opp med.
Litteratur Bào, hòuxīng & Chén, huī. (2005). "Xiāngyǔ de fēnqū" (The divisions of Xiang languages). Fāngyán: 261-270. (鮑厚星, 陳暉. 2005. "湘語的分區".方言: 261-270) Norman, Jerry. (2002). Chinese. Cambridge, England: CUP ISBN 0-521-29653-6 Wu, Yunji. (2005). A Synchronic and diachronic study of the grammar of the Chinese Xiang dialects. Berlin, New York: Mouton de Gruyter. ISBN 3-11-018366-8 Yuán, jiāhuá (1989). Hànyǔ fāngyán gàiyào [An introduction to Chinese dialects]. Beijing, China: Wénzì gǎigé chūbǎnshè. (袁家驊. 1989. 漢語方言概要. 北京:文字改革出版社.)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Xiang» frå , den 29. desember 2012.
Kategori:Språk i Kina Kategori:Einskildspråk