Daffy Duck er ein teiknefilmfigur frå Warner Bros.-seriane Looney Tunes og Merrie Melodies. Han vart først laga av regissøren Tex Avery og animatøren Bob Clampett, og var først med i Porky's Duck Hunt 17. april 1937. Daffy Duck er ei svart and som er kjent for ein galen, luren oppførsel og ei overdriven lesping. Den første stemmeskodespelaren som gav stemme til anda var Mel Blanc. Daffy Duck har òg vore med i filmar som Looney Tunes – Back in Action og Space Jam og i 2003–2005 spelte han sitt alter-ego, Duck Dodgers, i TV-serien med same namn som vart synt på Cartoon Network.

Daffy Duck var òg gjennomgangsfiguren i teikneseriebladet Daffy, som kom i norsk versjon frå 1958 til 1969.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Daffy Duck» frå , den 31. desember 2012.

Kategori:Looney Tunes Kategori:Teikneseriefigurar Kategori:Teiknefilmfigurar Kategori:Oppdikta fuglar Kategori:Skipingar i 1937