Kyrkjeslavisk er eit liturgisk språk som blir brukt i mange ortodokse kyrkjer i land med slaviske språk; den største av desse er Den russisk-ortodokse kyrkja.

mini|venstre|Side frå Spiridon-psalteret på kyrkjeslavisk

Språket er ein meir moderne variant av det gammalkyrkjeslaviske språket som misjonærane Kyrillos og Methodios utvikla på 800-talet. Språket tente som litteraturspråk fram til ca. 1800. I dag blir språket knapt brukt utanom liturgisk bruk.

Ein skil mellom bulgarsk-kyrkjeslavisk, russisk-kyrkjeslavisk, serbisk-kyrkjeslavisk, kroatisk-kyrkjeslavisk og tsjekkisk-kyrkjeslavisk. Det kyrkjeslaviske språket kan vere vanskeleg å forstå for moderne russarar. Likevel held den russiske kyrkja på dette språket i liturgien, slik språket også blir brukt i dei slaviske nabolanda. Slik blir desse slaviske nasjonane bundne saman både kulturelt og mentalt. Den russiske støtta til serbarane i konfliktane på Balkan kan vere ei følgje av dette kulturelle sambandet.Per-Arne Bodin om kyrkoslaviskan

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kyrkslaviska» frå , den 1. januar 2013.

Kategori:Slaviske språk Kategori:Ortodoks kristendom Kategori:Språk i Russland Kategori:Einskildspråk Kategori:Liturgiske språk