Flagon Point er eit nes nedanfor to toppar på høvesvis 295 og 395 moh, på sørsida av innløpet til Schottfjorden, på austkysten av Palmer Land. Det vart oppdaga og fotografert frå lufta i desember 1940 av medlemmar frå U.S. Antarctic Service. Det vart kartlagd i 1947 av eit samla lag frå Ronne antarktiske forskingsekspedisjon og Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS), og fekk dette namnet frå FIDS fordi dei to toppane minna om ei velta kanne (flagon på engelsk) sett frå nord eller sør.

Kjelder

Kategori:Nes i Palmer Land