Flygefisken (frå latin Volans) er eit stjernebilde på den sørlege himmelhalvkula. Stjernebildet var eit av dei tolv skapt av Pieter Dirkszoon Keyser og Frederick de Houtman mellom 1595 og 1597, og det blei for fyrste gongen publisert i Uranometria frå 1603, av Johann Bayer.
Stjerner BN Namn og andre katalogiseringar Mag. Lysår av gårde Kommentarar β Beta Volantis 3,77 108 γ² Gamma-2 Volantis 3,78 142 dobbelstjerne med γ¹ Volantis ζ Zeta Volantis 3,93 134 δ Delta Volantis 3,97 660 α Alfa Volantis 4,00 124 ε Epsilon Volantis 4,35 642 θ Theta Volantis 5,19 239 η Eta Volantis 5,28 356 κ¹ Kappa-1 Volantis 5,33 393 del av eit trippelt stjernesystem med κ² Volantis ι Iota Volantis 5,41 558 κ² Kappa-2 Volantis 5,63 393 del av eit trippelt stjernesystem med κ¹ Volantis γ¹ Gamma-1 Volantis 5,68 142 dobbelstjerne med γ² Volantis HD 76700 8,13 195 har ein planet
Kjelder: The Bright Star Catalogue, 5th Revised Ed. og The Hipparcos Catalogue, ESA SP-1200
Djupromsobjekt
Lindsay-Shapley-ringen, eller AM0644-741, er ein ringgalakse som ligg 300 millionar lysår frå jorda. Han er kalla opp etter oppdagarane. Lindsay-Shapley-ringen vart funnen nær Den store magellanske skya i 1960. Som Kjerrehjulgalaksen i Bilethoggaren, kjem den unvanlege forma på galaksen som følgje av ein kollisjon mange millionar år sidan. Den blå ringen, 150 000 lysår i diameter, vart forma då ei sjokkbølgje frå kollisjonen skapte ein ring av varme, blå stjerner. Den gule kjernen er ei samansmelting av kjernene til etterkomarane. NGC 2442, er ein spiralgalakse, 50 millionar lysår frå jorda.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Volans» frå , den 8. juni 2016. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
http://www.astro.wisc.edu/~dolan/constellations/stjernebileta/Volans.html http://www.maa.mhn.de/Maps/Stars_en/Fig/volans.html Starry Night Photography : Volans Constellation Star Tales – Volans
Volans Constellation at Constellation Guide
Kategori:Stjernebilete Kategori:Sørlege stjernebilete