Cape North er ei stor klippe på vestsida av Nielsenfjorden på nordkysten av Victoria Land. Toppen av klippa er snødekt og stig opp til kring 500 moh. Sjølv om dette ikkje er det nordlegaste neset i området, er det lett gjenkjenneleg og visstnok det neset som vart oppdaga av kaptein James Clark Ross i 1841 og gjeve namnet Cape North. På eit kart av Ross er Cape North synt som det nordlegaste neset vest for Cape Hooker.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Cape North i Victoria Land» frå , den 4. januar 2013. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Nes i Victoria Land