Cape Surprise er eit nes i nordenden av Longhorn Spurs, mellom Massambreen og Barrettbreen, ved kanten av Rossisen. Det består av bergartar frå Beacon- og Ferrargruppa og fekk dette namnet av Southern Party under New Zealand Geological Survey Antarctic Expedition (NZGSAE) (1963–64) fordi det var første staden desse bergartane vart funnen langs denne kysten. Dette var overraskande (surprise på engelsk) for geologane.
Kjelder
Kategori:Nes i Ross Dependency Kategori:Dufek Coast