Joachim Holmboe Rønneberg () var ein norsk offiser. Han hadde den militære grada fenrik. Rønneberg var under andre verdskrig medlem av Kompani Linge. Han var leiar for gruppa Swallow/Gunnerside, som sprengde tungtvassanlegget på Vemork ved Rjukan. Mot slutten av krigen leia Rønneberg operasjon Fieldfare i Tafjordfjella på Sunnmøre. Oppdraget var å førebu åtak på tyske forsyningsliner ned Romsdalen. Etter krigen arbeidde Rønneberg i NRK, mellom anna som programsekretær. I Veltdalen i Tafjordfjella ligg den såkalla Fieldfare-hytta. Hytta har Rønneberg vore med og rekonstruert for å gje eit bilete av korleis motstandsmennene budde under krigen.
Motstandsmannen Erling Rønneberg var bror hans. Kjelder
Bakgrunnsstoff Han visste ikke om a-bombeplanene En fortelling omkring Joachim Rønneberg Joachim Rønneberg Norsk Krigsleksikon
Kategori:Norske offiserar Kategori:Folk frå Ålesund Kategori:NRK-tilsette Kategori:Nordmenn frå andre verdskrigen Kategori:Medlemmar av Kompani Linge