Dansk teiknspråk er det eldste teiknspråket i Norden. I Danmark har døve fått teiknspråkundervisning sidan 1807, etter at Peter Atke Castberg på ein studiereise til Frankrike hadde sett nytten i å undervise døve på eit språk dei kunne forstå. I dag blir det undervist i dansk teiknspråk i seks statlege døveskular.
Dansk teiknspråk er gjensidig forståeleg med svensk teiknspråk, norsk teiknspråk, islandsk teiknspråk og gassisk teiknspråk.
Dei som brukar dansk teiknspråk, kan få tolketenester i retten. Språket blir også brukt til tolking av filmar og fjernsynssendingar.
Kjelder Danish Sign Language
Bakgrunnsstoff Ordbog over Dansk Tegnsprog
Kategori:Teiknspråk Kategori:Språk i Danmark Kategori:Einskildspråk