Queen Elizabeth Land er den delen av Antarktis som ligg sør for Weddellhavet mellom 20 °V og 80 °V, og strekkjer seg frå Filchner-Ronne isbrem til Sørpolen.Queen Elizabeth Land. SCAR Composite Antarctic Gazetteer. Dette området hadde ikkje offisielt namn før 2012, men det meste av området vart uoffisielt kalla Edith Ronne Land i 1947–68.Ronne Ice Shelf. USGS Geographic Names Information System.
Historie
I høve eit besøk av dronning til Det britiske utanriksdepartementet i London den 18. desember 2012, vart det annonsert at det var eit stort område i Britisk Antarktis som hadde fått namnet Queen Elizabeth Land etter dronninga.
Skildring Queen Elizabeth Land er nesten dobbelt så stort som Storbritannia og i røynda ein sektor av Antarktika, med spissen av sektoren ved Sørpolen. Sektoren grensar i nord til Filchner-Ronne isbrem, i nordaust til Coats Land, i aust til Dronning Maud Land og strekkjer seg vestover til ei linje mellom Sørpolen og Rutfordstraumen, aust for Constellationfjorden.Queen Elizabeth Land, Foreign & Commonwealth Office. Henta 11. januar 2012 Pensacolafjella, som vart oppdaga i januar 1956, strekkjer seg 450 km frå nordaust til sørvest, sentralt i området.
Reaksjon Argentina, som med Argentinsk Antarktis har kravområde som overlappar Britisk Antarktisk, kritiserte namngjevinga og kalla det eit «systematisk åtak» og skildra det som ein «provokasjon» etter den nylege spaninga mellom dei to landa om Argentina sitt krav om Falklandsøyane, som tilhøyrer Storbritannia. Ikkje dess mindre peikte The Guardian på at verken Storbritannia, Argentina eller Chile (som har overlappande kravområde med Chilensk Antarktis) har klart å få global anerkjenning for territorialkrava sine i Antarktis.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Queen Elizabeth Land» frå , den 11. januar 2013. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Britisk Antarktis Kategori:Regionar i Antarktis Kategori:2012 i Antarktis Kategori:2012 i Storbritannia