Dødt språk er eit omgrep ein kan bruka for eit utdøydd språk som framleis blir nytta i visse samanhengar. Språket blir rekna som «dødt» fordi det ikkje blir nytta i spontan tale og dermed ikkje lenger går gjennom den naturlege språkutviklinga ein finn i levande språk.

Døde språk blir nytta fordi dei speler ei rolle i visse samanhengar, til dømes til religionsutøving, som skriftspråk i samband med utdanning, vitskap og liknande, eller som eit fastsett standardspråk brukt til særskilde høve. Ein del slike døde språk blir kalla klassiske språk.

Kjende døde språk Språk Døydde ut Seinare brukGammalgresk 300-talet f.Kr. Utdanning fram til våre dagar, brukt i biologisk nomenklaturGammalhebraisk ca. 200 Liturgisk språk i jødedommen; gjenoppliva rundt 1900 som moderne hebraiskGammalsyrisk 1300-talet Liturgisk språk i den syriske kyrkjaKlassisk arabisk 800-talet Liturgisk språk i islam, forløpar for moderne standard arabiskKlassisk kinesisk ca. 200 Litterært språk i Aust-Asia fram til 1900-taletKoiné ca. 300 Liturgisk språk i den gresk-ortodokse kyrkja fram til våre dagarKoptisk ca. 1500-talet Liturgisk språk i den koptiske kyrkja fram til våre dagarKyrkjeslavisk Aldri eit talespråk; litterært språk fram til 1700-talet Liturgisk språk i slaviske ortodokse kyrkjer som den russisk-ortodokse kyrkja fram til våre dagarLatin ca. 600 Utdanning fram til våre dagar, brukt i biologisk nomenklatur, liturgisk språk i den katolske kyrkja fram til våre dagarPali ca. 300-talet Liturgisk språk i theravada-buddhismen fram til våre dagarSanskrit ca. 1100-talet Liturgisk språk i hinduismen fram til våre dagarSumerisk 2000 f.Kr. Brukt av skriftlærde i Assyria og Babylonia fram til ca. 500 f.Kr.

Sjå òg diglossia

Kjelder

døde språk i Store norske leksikon.

Kategori:Sosiolingvistikk

es:Lengua muerta ru:Степени сохранности языков uk:Смерть мови