Hove kyrkje står i utkanten av Vikøyri i Vik kommune i Vestland. Kyrkja er bygd i stein på slutten av 1100-talet. Ikkje langt frå kyrkja ligg Hopperstad stavkyrkje. Frå 1877 var den nye Vik kyrkje soknekyrkje i Vik. Arkitekt Peter Andreas Blix (1831-1901) organiserte restaurering av kyrkja, og ligg gravlagd under kyrkjegolvet.

Hove kyrkje og Hove kyrkjegard er automatisk freda som kulturminne frå mellomalderen. I 2005 freda Riksantikvaren mellombels eit område kring kyrkja. Bønder i området har planar om bygging av eit samdriftsfjøs i området. I september 2005 kom Riksantikvaren med ei uttale om at dei meiner bygging av eit slikt fjøs strir mot vernereglane.

Galleri

Sjå òg Kyrkjebygga til Den norske kyrkja i Sogn og Fjordane

Bakgrunnsstoff Områdefreding ved Hove kyrkje på nettstaden til Riksantikvaren NRK fylkesleksikon om Hove kyrkje Om fellesfjøs og områdefreding på nettstaden til Riksantikvaren Om Hove kyrkje på nettstaden til Fortidsminneforeninga

kategori:Peter Andreas Blix kategori:Freda bygg i Vestland Kategori:Kyrkjer i Vik kategori:Kyrkjer i Sogn prosti kategori:norske kyrkjer frå 1100-talet Kategori:norske steinkyrkjer frå mellomalderen kategori:Fortidsminneforeningens eigedommar Kategori:Kulturminne i Vik