Plays Live er det første konsertalbumet og det femte albumet totalt av den britiske rockemusikaren Peter Gabriel. Dette albumet vart opphavleg gjeve ut som eit dobbeltalbum og ekstra lang kassett med seksten songar og ei lengd på over 80 minuttar. Det vart gjeve ut på dobbel-CD og i 1985 som ein enkel CD kalla Plays Live – Highlights med berre tolv songar og ei ny rekkefølgje. Albumet vart nymastra og gjeve ut att i 2002.

«Plays Live»-opptaka vart spelte inn ved:

Braden Auditorium, University of Illinois, Normal, Illinois, 3. desember 1982 Memorial Hall, Kansas City, 4. desember 1982 Evans Field House, University of N. Illinois, Dekalb, Illinois 6. desember 1982 SIU Arena, University of Southern Illinois, Carbondale, Illinois 7. desember 1982

Albumet inneheldt ein song som tidlegare ikkje var gjeve ut, «I Go Swimming», som vart spelt ein del på radio og nådde salslista i USA i 1983. Songen vart første gong spelt av Gabriel under verdsturneen hans i 1980 etter det tredje albumet). «I Don't Remember» vart gjeve ut som singel med tilhøyrande musikkvideo.

Innhald

Plays Live – Highlights

Medverkande Peter Gabriel – synthesiser, piano, vox Jerry Marotta – trommer, perkusjon & korvokalist Tony Levin – bass, stick & korvokalist David Rhodes – gitar & korvokalist Larry Fast – synthesiser, piano

Lister Album År Liste Plassering 1983 Billboard Pop Albums 44 1983 UK 8

Singlar År Singel Liste Plassering 1983 «I Don't Remember»/«Solsbury Hill»/«Kiss Of Life»(på 12")(alle konsertopptak) UK 62 1983 «I Go Swimming» Billboard Mainstream Rock 38

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Plays Live» frå , den 14. januar 2013. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Peter Gabriel-album Kategori:Musikkalbum frå 1983 Kategori:Doble konsertalbum Kategori:Charisma Records-album Kategori:Geffen Records-album