Melekeok er ein delstat og ein liten by på Palau, som sidan 7. oktober 2006 har vore hovudstad for øystaten. Byen er også hovudstad i delstaten med same namn. Den palauiske regjeringsbygningen ligg i Ngerulmud like vest for Melekeok.

Tidlegare låg hovudstaden på Koror, men i 2006 blei han flytta til Melekeok på den større øya Babeldaob.

Delstaten Melekeok er på 28,5 km² og ligg mellom statane Ngchesar i sør, Ngeremlengui i vest og Ngiwal i nord.

Innbyggjarar Ifølge folketelljnga frå 2005 budde det 391 menneskeri delstaten Melekeok. Desse var fordelte på 8 landsbyar eller busetjingar: Melekeok Ertong Ngeburch Ngeremecheluch Ngermelech Ngerubesang Ngerulmud Ngeruling I følgje folketeljinga hadde busetjinga Melekeok rundt 270 innbyggjarar, noko som gjorde henne til ei av verdas minste hovudstader.

Melekeok har den største innsjøen i heile Mikronesia, Ngardok på 493 hektar. Denne sjøen har ein levedyktig førekomst av saltvasskrokodillen Crocodylus porosus.

Kjelder

Babeldaob ved reference.com (Encyclopaedia Britannica, 2008) The World Factbook , cia.gov

Denne artikkelen bygger på «Melekeok» frå , den 15. januar 2013.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Hovudstader i Oseania Kategori:Palau