Chathamskarv (Phalacrocorax onslowi) er ein kystbunden sjøfugl og ein mellomstor skarv. Han er endemisk for Chathamøyane på New Zealand.

Skildring Chathamskarvar er ca. 63 centimeter med kroppssvekt på 2,25 kilogram. Fjørdrakta er i svart, med kvit underside frå strupen til undergumpen. Kvite flekker på vengfjørene utgjer eit kvitt band på vengen når fuglen sit. Beina er lyseraude i hekkesesongen og auga har blå augering. Strupe og andlet får ein raud hudpose i hekketida. Ein oransje, naken hudflekk over nebbrota er framtredande, i utsjånad er dei elles mykje like vorteskarvar.

Denne arten finst berre rundt øygruppa Chathamøyane, dei kan beite opp til 24 kilometer ut frå land av øygruppa.

Chathamskarvar hekkar i små koloniar i øygruppa, det inkluderer hovudøya Chatham Island, Rabbit Island ved Pitt Island og Star Key. Reira er bygd av plantar, tang og kvister. Dei legg 1-4, mest vanleg 2 eller 3 lyseblå egg i august til desember.

Dei søkjer vanlegvis føde aleine og føda er småfisk iblanda ulike artar av blekksprutar når dei er tilgjengelege.

Arten har status som kritisk trua, og bestanden er estimert til 1070 individ (2011), og er minkande.BirdLife International 2013

Kjelder Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005 BirdLife International (2013) Species factsheet: Phalacrocorax onslowi . Henta frå http://www.birdlife.org den 17. januar 2013. Referansar

Bakgrunnsstoff

ARKive Images of life on earth Species factsheet: Chatham Island shag (Phalacrocorax onslowi) . Henta frå http://www.arkive.org/ den 17. januar 2013.

Kategori:Skarvfamilien Kategori:Fuglar endemiske for New Zealand